Credits

PERFORMING ARTISTS
Rita Engebretsen
Rita Engebretsen
Performer
COMPOSITION & LYRICS
Christian Sinding
Christian Sinding
Composer
Ivar Aasen
Ivar Aasen
Songwriter

Lyrics

Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå Med same gamle bryningom og same toppom på I bygdom byggja sveinane og huset stender laust Men dei gamle merkesteinane dei standar like traust På fjellet er det leikande og ganga til og frå Og kring om toppan reikande so vidt om land å sjå Til havet kringom strendene med skip og fuglar små Og til fjelli kring om grendene med tusen bakkar blå Det er så mange hendingar i bygdom komme til Me sjå så mange vendingar alt på eit lite bil Dei hava smutt om vollane og flutt og rudt og bygt Men dei gode gamle kollane dei standa like trygt Så sto dei gjennom tidane vel mange tusen år Og graset voks om liene og lauvet kom kvar vår Og vinden tok om toppane og vatnet tok om fot Men dei gilde gamle kroppane dei toko traust i mot Av hav kom sjømann siganede og lengta etter land Då såg han fjelli stigande og kjendes ved si strand Då kom det mot i gutane som såg sin fødestad Ja dei gode gamle nutarne det gjera hugen glad
Writer(s): Egil Hegerberg, Ivar Aasen Lyrics powered by www.musixmatch.com
Get up to 2 months free of Apple Music
instagramSharePathic_arrow_out