Lyrics

Ver ikkje redd! Du har ein Frelsar Som kjøpte deg til Gud med blodet sitt. Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar. Guds barn du vert. Eit evig liv er ditt. Ver ikkje redd! Di synd er sona, Di gjeld betalt, og Jesus leid din død. For Kristi skuld du kvila kan, og vona. Han sjølv di rettferd er, og livsens brød. Ver ikkje redd, for faderhanda Deg verna vil. Den armen fast deg held. Han skal deg losa til du stend på stranda. For Kristi verk i tid og æva gjeld. Ver ikkje redd for framtidsdagen, for solefallet og di siste stund! Din Frelsar fører deg til livsens-hagen. Der du for evig stend på sikker grunn.
Lyrics powered by www.musixmatch.com
instagramSharePathic_arrow_out